To nye huer i str. 6 mnd, ligg på epla-butikken. I dag har eg både sydd litt og bakt litt. Mannen og eg skal på besøk i kveld for å sjå landskampen, sidan vi ikkje har kanalen den går på. For å vege opp for det maskuline innhaldet på TV-skjermen, har eg bakt feminine oreo-cupcakes som vi kan kose oss med, etter
denne oppskrifta her. Gler meg til å smake, satsar på at dei er gode. Tenk å kunne ha det slik kvar dag, sy og bake. Det hadde vore noko det!
No fekk eg lyst på Oreo-cupcakes, gitt:)
SvarSlettSøte huer, er så praktisk med slik fasong.
Oj, så kule dei kakene va! Nam!
SvarSlettCupcakesa vart veldig søte, men akk så gode! Takk for kjekke kommentarar!
SvarSlett