fredag 30. september 2011

God helg!

Pinned Image

Ynskjer dykk ei hjarteleg god helg alle saman! :)

Eg har hatt det travelt denne veka, så det har vorte dårlig med oppdateringar. Bestillingar strøymar inn, eg har fått solgt litt på epla, og er generelt i godt hobbyhumør! Syklubb denne veka vart det tid til, og når eg får tak i litt sand skal de få sjå kva prosjektet var! Mandag møtar eg igjen kjekke jenter for sying, så det blir nok fleire oppdateringar framover!

Hjartebiletet har eg  henta her: http://papersparrow.typepad.com/papersparrow/2010/01/for-the-love-of-spools.html

søndag 25. september 2011

Monsterdilla


Monsterbuksene er så kjekke å strikke, difor strikka eg like godt to stk i sommar. Hausten byr på andre strikkeprosjekt så det er nok den siste monsterbuksa på ei stund!

Likar fargekombinasjonen kjempegodt! Buksa er i str. 1 år og strikka i Lanett babyull. Justerbart strikk i livet. Sjekk ut epla om du har lyst på denne!

torsdag 22. september 2011

Fleire bøker til epla

Nye bøker igjen. Produksjonen går unna altså!


Kjenner du Berit som skal gifte seg? Eller kanskje piken som skreiv til kongen? Eller har du kanskje ei venninne som heiter Sigrid eller Sigrun? Då anbefalar eg desse notatbøkene!

Har du forresten nokon spesielle bokynskjer?

tirsdag 20. september 2011

Eple-posar?

Etter sommarens storproduksjon vart det att to posar som eg legg ut i epla-butikken. Meir om posane finn du på produktskildringa der. Uansett praktiske posar som rommar litt av kvart!

søndag 18. september 2011

Arv

Heime i Sykkylven hadde vi ei matte på do som var vevd eller hekla av strimler av gammalt sengetøy. Eg har aldri tenkt over at den faktisk var laga slik før eg her om dagen fann denne tutorialenpinterest. Ei slik hekla matte har eg lyst til å ha i gangen min.


Førre helg sette eg difor saksa i nokre av dei gamle KRIK t-skjortene mine som ikkje lenger er i bruk, fordi dei er utdanka av syntetiske trenings-t-skjorter, fin resirkulering tenkar eg. Men det vart ikkje nok "t-skjorte-garn" til å hekle ei heil matte. Difor må eg no på loppemarked for å finne litt fleire t-skjorter, om ikkje du då har ei t-skjorte eller fleire som er utslitte og som du kunne tenkje deg til å donere til meg? Eg vil nemleg ha ei ny matte i gangen snarast..

onsdag 14. september 2011

Nye notatbøker

I sommar var eg på bruktbutikkraid opp til fleire stadar i Noreg. Klepp, Tvedestrand, Volda og Ørsta hadde maaange kjekke bøker å by på, til ein slikk og ingenting, og no er dei første bøkene ferdige og klare for å bli lagt ut i epla-butikken.


Men berre tre av desse bøkene kjem dit, for den siste er til dei kjekke nye naboane våre i kombinert forseinka bryllaups- og innflytningsgåve. Dei har tydelegvis vore innom bloggen og snoka, så om de ser dette her, så ligg boka klar når vi endeleg får til å møtast for ein middagsdate!

søndag 11. september 2011

Sydate med Lene

No er det nett ei veke sidan Lene var på besøk hos meg for ein aldri så liten formiddagssydate! Heilt ny symaskin i bursdagsgåve måtte ho prøve ut, og det vart til og med tid til å sy ei lita bukse! Kjempekoseleg sybesøk med god salat til lunsj! JA til mange fleire sybesøk, Lene!

lørdag 10. september 2011

Monsterbukse - froskemotiv

Sommaren bestod av mykje familietid i sofakroken på kveldstid, og då er det alltid kjekt med eit strikkeprosjekt. Dette er ei av dei to monsterbuksene eg strikka i sommar, med ein liten vri. Denne gongen er det ikkje eit monsterfjes, men ein frosk på rumpa! Buksa er strikka i Lanett babyull, så då er den tynn, men mjuk og varm samstundes! Buksa er strikka på pinnenr. 2,5 så det tar si tid å strikke den i 2-års storleik.


Buksa er til sals i epla-butikken om du skulle ha lyst på den sjølv, eller har nokon å gi den vekk til!

søndag 4. september 2011

En utfordringsblogg for søm

Eg har fleire gongar prøvd meg på deltaking i utfordringsblogger for scrapbooking, men utan særleg  resultat. For ikkje så lenge sidan oppdaga eg ein utfordringsblogg for søm . Denne månaden har dei bukser som utfordring, og då tenkte eg at eg kunne bidra med ei redesigna barnebukse som eg har sydd.

Då favorittbuksa over alle favorittbukser vart så slitt mellom beina at ingen reperasjonar kunne hjelpe, fann eg ut at den måtte forevigast på ein annan måte! No har den vorte til ei selebukse som eg håpar ein framtidig to-åring kan nytte. I ettertid har eg angra litt på at eg ikkje fora den med eit kjekt bomullsstoff på innsida, men ein lærer så lenge ein lever, og det vil eg gjere neste gong eg tek til på eit slikt prosjekt.

For ein gongs skuld hugsa eg å ta nokre førbileter, og det er kjekt å sjå korleis resultatet vart!



Linningen på buksa vart til fronten på selebuksa, stramminga nederst på buksebeina vart til selar, merket plasserte eg på ryggen for å kunne henge buksa på ein knagg, og dei store lommene vart til litt mindre barnelommer.



Mønster: Modifisert overall frå Barnetøj du selv kan sy 0-4 år
Stoff: Mi høgt elska nikita-bukse

lørdag 3. september 2011

1 år!

Fadderbarnet mitt fylte 1 år i går, og i dag skal eg i barnebursdag! Det er ei stund sidan eg var i barnebursdag sist, og eg gler meg til rosa pynt og ei lita prinsesse! Syns det er heilt utruleg at den lille søte jenta allereie er 1 år! Og i høve den store dagen har eg sydd ei haustjakke med tilhøyrande hue! Håpar på at både mor og barn vert nøgd!


Eg har fora jakka sjølv og sydd på pynteknappar, medan det er trykknappar på baksida av hjerteknappane for lett å kunne ta den på og av.





Mønster: Omslagsjakke frå Barnetøj du selv kan sy 0-4 år av Günter
Stoff: Lilla polkadott-kordfløyel og blomstrete bomullsstoff frå Stoff og Stil