torsdag 30. juni 2011

Heimelaga skråband

Ei av jentene i syklubben minte meg på at det går an å lage heimelaga skråband. Her om dagen var eg på Stoff og Stil og då plukka eg med meg ein skråbandlagedings. Med skråbandlagedingsen vel i hus hadde eg eit godt påskot til å rydde litt i stoffrestane. Eg endte opp med nokre meter remser til skråband, og ein heil haug med lappar som kanskje vert til eit lappeteppe som er stort nok til å varme meg i haust, og ikkje berre imaginære babyar!

Skråbanda er ferdige, og eg gler meg til å bruke dei på nokre nye plagg. Lappeteppelappane ligg klare og venter på å bli plassert utover kjøkkenbordet. Det får bli eit av haustns prosjekt.

onsdag 29. juni 2011

Ny lommebok

Hans Jakob kom tilbake frå USA med duct tape (det heiter faktisk duct tape, og ikkje duck tape, slik som eg trudde). Den har ligge i skuffa og godgjort seg i mange månadar no, og venta på at eg skulle nytte han til det han er meint å nyttast til. I jula laga nemleg Hans Jakob seg si første duct tape-lommebok, og eg har tenkt at det burde eg og gjere. Praktisk å ikkje ha ei diger lommebok i ferien, då treng eg jo berre ein brøkdel av alle korta som lommeboka mi husar til vanleg.



Eg har brukt denne tutorialen på youtube som er lang, men svært grundig. Resultatet er ei lommebok i typisk mannestorleik som passar i baklomma, for dei som ynskjer det. Kanskje ikkje akkurat eit behov eg har, men den tek i alle høve ikkje stor plass i handbagasjen!

tirsdag 28. juni 2011

Hjelmhuer.. igjen.

Bestillinga eg sendte i posten for litt over ei veke sidan er kome fram, og då er det trygt å vise fram huene som vart bestilt, her på boggen. Mottakaren vart nøgd, og då er eg óg nøgd. Prøvde meg fram med å lage vendbare hjelmhuer, og det gjekk visst an det óg!

Den turkise og blomstrete er vattert, og klar for vinteren. Medan den turkise og grøne er ei vårhue.


Mønster: Hjelmhue frå Günther
Stoff: Stoff og Stil

mandag 27. juni 2011

Rrrrrrretro i epla-butikken

På den siste loppemarknaden eg var på før sommaren fann eg eit lappeteppe. Lappeteppet var ganske stort og bestod difor av mykje stoff. Det var berre det at det ikkje var så fint sydd saman, så eg tenkte eg kunne demontere det og lage eit nytt. Og som tenkt, så gjort. No ligg teppet i epla-butikken.

Resultatet vart eit nytt lite retro krabbeteppe/piknikkteppe/eit-eller-anna-slags-teppe. Har sydd brune rammer rundt lappane for første gong, litt plunder, mykje stryking og skjæring, men resultatet vart ganske mykje betre enn om alle lappane låg inn til kvarandre. Har og laga heimelaga skråband til lukkekant. Teppet er vattert med platevatt.


Mønster: Eigen kreativitet
Stoff: Loppisstoff, bakstykke og skråband av bomullslerret frå Stoff og Stil

fredag 24. juni 2011

Storproduksjon

Gårsdagens poseproduksjon tok litt av. Har ein tendens til å ta litt av når eg først set i gang! På ein måte er det litt kjedeleg å sy det same fleire gongar, men på den andre sida har ein då høve til å perfeksjonere og finne den kjappaste måten å sy på. Har no funne ein super "sypose-teknikk" som inkluderar minst mogleg stryking og lettast mogleg vrenging. Resultatet vart som følger..





Mønster: Multipose frå Stoff og Stil, med eigne modifikasjonar
Stoff: Mest Stoff og Stil, litt frå IKEA og litt frå eige stofflager

torsdag 23. juni 2011

Sy- og bakedag

Endeleg er nattevaktene over, og eg har sommarferie heilt til august! Det feirar eg med kake og sying!
Har lenge hatt lyst til å bake troikakaka til Manuela fra Passion4Baking . Men det er ikkje berre berre å setje igang med å bake ei slik kake, for det er mange operasjonar, og ikkje minst bør det vere til eit passande høve. Men i dag var det verkeleg eit passande høve, sidan eg har ferie og to besøk på ein dag!

Jorun har vore her og sydd litt. Ho sydde ei babybukse, og til å vere første gang vart resultatet svært så imponerande! Du er flink, Jorun!! Øverst til høgre i bildet under ligg også eit påbegynt lappeteppe som manglar bakside og lukkekant. Særs retro. Kjem på epla når det er ferdig!


Lina kom litt seinare på sykveld. Denne gongen vart det berre oss to, desto meir kake på oss! Var også innom Etter min morfar-butikken på Bakklandet her om dagen, og gjorde eit knappekupp! :) Masse kjekke knappar for 40 kr! Nøgd med det! I kveld har eg sydd posar, passeleg sykveldprosjekt! Skal gjere dei ferdig i morgon, då må det ryddast, for Hans Jakob er lei av at eg bokstaveleg talt har starta systue!

mandag 20. juni 2011

Tøfler

Ohelene er ei dame som syr. Ho syr mykje fint, blant anna skinntøfler. Snill som ho er, delte ho mønsteret på tøflene sine med meg, og på syklubben på fredag sydde eg eit par med skinntøfler. Jukseskinntøfler er vel eigentleg rett og seie. Akkurat no saknar eg å bu i Sykkylven, for då kunne eg kanskje fått litt avkapp frå all møbelhuda som strekker seg kring Sykkylven si store stoltheit, Stresslessen frå Ekornes. Men sidan eg ikkje bur i Sykkylven, vart det jukseskinn frå Stoff og stil. Det fungerer eigentleg overraskande godt, men eg har inga aning på sliteevne og slikt. Tøflene er heller ikkje fora, slik som Ohelene sine er. Det får eg ta på sikt, neste gong eg skal sy skinntøfler. For det skal eg nok, for dei er ganske søte tykkjer eg. Spørsmålet er om det er ein bjørn eller ein hund eg har pynta dei med..




Mønster: Skinntøfler frå Ohelene
Stoff: Jukseskinn frå Stoff og Stil 

lørdag 18. juni 2011

Postbod

No har eg nett vore ein tur innom posten, for eg har selt ei bok, og fått ei bestilling! Må innrømme at eg tykkjer det er litt stas at ei bok og nokre klede skal få nye eigarar. Pakka tinga fint inn, for det er jo alltid stas med pakke i posten!



fredag 17. juni 2011

Snurreskjørt og hårband

For litt sidan sydde eg snurreskjørt og hårband til ei bursdagsjente. No er overraskelsen avslørt, og då kan skjørtet leggast ut på bloggen. Ekstra kjekt var det å høyre at jenta tok på seg skjørtet og hårbandet til skuleklede same dagen! Hårbandet er sydd etter same mal som mamma brukte å sy hårband til meg, i ettertid har eg sett ganske mange andre og finare metodar å sy hårband på (beklager mamma), og neste gong det vert aktuelt trur eg at eg skal prøve meg på litt andre metodar.


"Vaskelappen" inni skjørtet fekk eg med ei god venninne i USA-presang. Det vises kanskje ikkje så godt kva som står der, så eg skriv det her og! Kjekk gåve, og eg har ein att!

Birthday
D-O-B
50% Getting Older
30% Presents
20% Party
Wash in Fountain of Youth

Mønster: Snurreskjørt fra Barnetøj  4-7 år av Hanne Meedom
Stoff: Stoff & Stil

onsdag 15. juni 2011

Enda fleire bøker

Siste ladning  med bøker på ei stund tippar eg. Er ikkje så mange loppemarknadar att før sommaren og feriering. Gler meg til å gå på skattejakt til hausten igjen, det er så mange artige gamle bøker der ute.




Var ein tur på biblioteket i dag, og der har dei bygd ein heil landsby med bokhus. Nokon har laga små hus av bokpermar, og med ein oppslått bokperm som tak. Eg vart skikkeleg inspirert, og når eg har fått tak i nokre flotte gamle bøker, skal eg lage eit slikt hus. Har sett slike små hus til å legge frå seg boka ein les i på, i nokre interiørblad og interiørbutikkar i det siste. Dei er av metall, og eg tykte eigentleg at det var finare med slike gamle bokhus.

Eg vil altså ha eit gammalt bokhus, og ikkje eit slikt eit. Sjølv om det er ganske kult dette og!

tirsdag 14. juni 2011

Blått lappeteppe

Etter at eg sydde det raudrosa lappeteppet, tykte eg det var så kjekt at eg like godt sydde eit blåturkis óg. Teppet er framleis ca. 1x1 m og vattert. Og lukkekanten tok denne gongen og ca 4 t og sy att. Takk og lov for at symaskina gjer alt anna for meg!



Satsar på at det vert fotovér i morgon slik at eg får tatt bileter av fire nye bøker til eplabutikken!

Mønster: Har brukt boka Lappeteknikk - slik gjør du det, av Tove Fevang, og modifisert eit av mønstera der, kronene har eg teikna sjølv.
Stoff: Stoff og Stil + litt arva stoff

søndag 12. juni 2011

Album frå US and A

I fjor sommar var mannen og eg på utsett bryllaupsreise til junaiten, også kalla US and A. Turen kan de lese om på fordidetervito. I haust sette eg i gang "prosjekt feriealbum2, og etter ei gaanske lang pause har eg dei siste dagane gjort albumet ferdig både på utsida og innsida. Permar er dekorert, og dei siste bileta er scrappa. Eg er supernøgd med albumet, og kjem nok til å lage fleire heimelaga album i tida som kjem. Då vert dei akkurat slik eg vil ha dei! Spesielt interesserte kan lese om korleis eg har gjort det nedanfor.


Albumen er eit ekte DIY-prosjekt, der ein lagar sitt heilt eige album, med akkurat passe mange sider, og som er akkurat passe stor. Bileta i albumet er stort sett montasjer laga i PhotoScape i str. 15x15 cm. Då eg var på jakt etter eit passande album, syns eg dei stort sett var for store, eller passe store, men med for få sider. Eg tok altså saken i eige hender og lagde min eigen.

Framsida og baksida er papp, som eg har laga tre hol i. På framsida har eg sydd scrapbookark med tittel og årstall på, på eit stoff. Eg sydde og på ein knapp, slik at ein kan knappe att albumet, for det sprikar litt når det vert full. Deretter limte eg stoffet på med decoupagelim på framsida. Eg dekte over stoffet på baksida med albumpapp.

Albumsidene er vanleg albuminnmat til ringpermar som ein får kjøpt på bokhandlar og på fotobutikkar. Sidene har eg skjært til med papirkuttar og deretter laga tre hol i.

På bakpermen sydde eg på ei hempe med knapphol i, før eg limte stoffet på permen, og dekte innsida med same type albumpapp som bileta er limt på.

Eg brukte tre opne/lukke-ringar til å binde saman alt, og vips har ein, eit ferdig album, med akkurat så mange sider ein sjølv vil ha! Då er det berre til å lime inn bileter!

lørdag 11. juni 2011

Retro babybukse

For nokre veker sidan var eg på loppemarknad og kom over eit veldig retro sengesett. No har det vorte til ei babybukse i str. 6 mnd. Buksa er fora med jersey ned til midt på magen, og har fått blondekantar og trykknappar. Beina har fått "vaffelsaum". Syns eigentleg den er ganske kul eg! Buksa er lagt ut på epla.


Stoff: Vintage
Mønster: "Bukser med lapper" fra Barnetøj du selv kan sy 0-4 år av Elsebeth Günther og Bjarne Solberg

torsdag 9. juni 2011

Monster på snor

Det vart brått sumar ute, og det merkast på hyppigheita av blogginnlegg. I løpet av helga kjem det litt av kvart nytt på epla, men foreløpig har eg berre lyst å vise fram to av monsterbuksene eg strikka i vinter. Eit monster, og ei ape. Om namnet saumfart eigentleg passar så godt til strikka ting har eg eigentleg ikkje blitt einig med meg sjølv om. Men augene og tenne er sydd på med nål og tråd, så dei ligg vel kanskje eigentleg trygt under min eigen definisjon.


Elles kan eg melde om sol og sikkert 30 grader i Trondheim i dag. Før det brått vart torevér og styrtregn. Nett då byrja vi å grille! Dagen har vi brukt til innkjøp av ny oppvaskmasking og storhandel. Den gamle benkoppvaskmaskina streika i det Hans Jakob stod på eksamen! Eg er lukkeleg for å ha fått mannen min tilbake, 6 veker som grasenke tok på, og no har vi berre 15 nattevakter att til saman, før vi har ordentleg sommarferie i 7 veker. Vi har med andre ord ingen ting å klage på!

tirsdag 7. juni 2011

Krabbeteppe

Eit av mine lenge påtenkte prosjekt har vore å prøve lappeteknikk eller quilting som det også kallast. Mamma sa det kunne vere lurt å prøve eit lite prosjekt først, som gryteklutar til dømes. Men prøveprosjekt er liksom ikkje greia mi. Får eg ikkje det til på første forsøk kan det like godt vere. Men eg fekk det til! Og det var kjempekjekt!

Eg kunne heilt sikkert hatt godt av eit kurs for å lære nokre lure teknikkar slik at ting går litt fortare, og ikkje før etter at eg var ferdig med dette teppet fant eg ein slik fot til symaskina som hjelper til å sy beint og med riktig sømrom. Men, men, eg er særs godt nøgd. Krabbeteppet er ca 1x1 m, og lukkekanten er sydd på for hand på baksida, og det tok 4 timar! 4 timar! Takk og lov for syklubben og TV-en!

Mønster: Har brukt boka Lappeteknikk - slik gjør du det, av Tove Fevang, og modifisert eit av mønstera der, kronene har eg teikna sjølv.
Stoff: Stoff og Stil + litt arva stoff

mandag 6. juni 2011

Fire nye bøker


God formiddag!

Nye bøker på veg ut. Her er bøker for deg som fortel eventyr og vil skrive dei ned, for Lise frå Lofoten - kanskje ei litt smal målgruppe?, for dei nygifte - ei ganske brei målgruppe no om sommaren, og for dei som vil ha ei heilt nøytral ny notatbok.

Eg sit i stolen og ser Oprah, slik som eg skal gjere når eg blir heimeverande husmor! Foreløpig er eg ikkje heimeverande husmor på heiltid, no er det berre fordi eg er sjuk og har sommarferie. Det er jo ikkje ein så verst kombinasjon. Som omftast passar det jo aldri å bli sjuk, men for ein gongs skuld gjer det det. Det er ikkje ordentleg sommarvér ute, eg har ingen planar, og eg har god tid til å bli frisk. Det er digg! Ha ein flott dag alle saman!

lørdag 4. juni 2011

Nye huer og oreo-cupcakes


To nye huer i str. 6 mnd, ligg på epla-butikken. I dag har eg både sydd litt og bakt litt. Mannen og eg skal på besøk i kveld for å sjå landskampen, sidan vi ikkje har kanalen den går på. For å vege opp for det maskuline innhaldet på TV-skjermen, har eg bakt feminine oreo-cupcakes som vi kan kose oss med, etter denne oppskrifta her. Gler meg til å smake, satsar på at dei er gode. Tenk å kunne ha det slik kvar dag, sy og bake. Det hadde vore noko det!

fredag 3. juni 2011

Bursdagsgåve og clutchar på epla


Ei venninne har hatt bursdag, og eg nytta høvet til å lage heimelaga bursdagsgåve! Ein clutch til å ha lommebok og mobil i, eller andre kjekke småting som toalettsaker til dømes. No er gåva gitt vekk, og då kan eg trygt legge den ut her. I same slengen sydde eg to til, som eg legg ut på epla.

Mønster: eige
Stoff: Stoff og Stil, og litt arva stoff.

torsdag 2. juni 2011

Huer på epla


Desse huene kan du finne på epla-butikken. Hjelmhuer i storleik 6 mnd og 1 år. Tynt vatterte.

Mønster: Hjelmhue frå Barnetøj du selv kan sy 0-4 år av Elsebeth Günther og Bjarne Solberg
Stoff: Stoff og stil

Omslagsjakke


Påska vart for det meste feira her i Trondheim, og medan mannen las til eksamen, sydde eg blant anna denne jakka her. Eg har vattert og "quilta" ho sjølv, og ho er i storleik 1 år. Foreløpig har ikkje jakka nokon annan mottakar enn mine forhåpentlegvis framtidige barn - hehe, nei, eg er ikkje gravid, og eg legg den difor heller ikkje ut for sal. Men om det skulle vere interesse, syr eg gjerne på bestilling!

Mønster: Omslagsjakke frå Børnetøj du selv kan sy 0-4 år av Elsebeth Günther og Bjarne Solberg.
Stoff: Lysgrønn kordfløyel og blomstrete bomull fra Stoff og stil

onsdag 1. juni 2011

Notatbøker

Desse bøkene er laga av gamle bøker eg har kjøpt på loppemarknad. Dei er sydd med koptisk saum, slik at dei ligg flatt på bordet når dei vert åpna. Bøkene er å finne i epla-butikken.

Lansering

Hjarteleg velkomen til saumfart-bloggen. Eg prøvar meg på å oppfylle ein draum, om den vert verkeleg gjenstår å sjå. Eg har lenge hatt lyst til å selje noko av det eg lagar, og kjente då på at eg måtte byrje på nytt. Difor vert saumfart-bloggen til, og i same slengen ein saumfart-butikk på epla.no.

Ordet saumfart har kanskje ikkje i følgje ordboka så mange tydingar, men i følgje meg har det nett det. For det første tyder ordet at det eg lagar skal vere nøye saumfart, og for det andre er det så kjekt å lage ting at det går fort unna. Derav saumfart.

Biletet under viser min faste positur for tida. Eksamen er over, eg har fri og sommarferie. Framover kjem her blogg-innlegg om det eg lagar, og om det vart lagt ut for sal i saumfart-butikken lenkjar eg det vidare frå her.

Butikken min finn du på: http://epla.no/shops/saumfart