lørdag 31. desember 2011

totusenogelleve oppsummert

Siste dagen i året krev eit tilbakeblikk, eller ei årskavalkade om du vil. Kort oppsummert kan eg dele mine kreative påfunn inn i fem hovudbolkar dette året; saum, strikking, papir, baking og kreative sysler saman med kjekke venninner!

Syinga tok seg verkeleg opp då eg tok avgjersla og bestemte meg for å starte Saumfart. Strikkeposar, teikneetui, symaskintrekk, lappetepper og barnetøy er berre noko av alt det eg har produsert i år. Stundom lurar eg på kva hovudgeskjefta mi er, saum eller studering?







I strikkinga har eg hatt ein gjengangar, monsterbuksene. Mot slutten av året strikka eg bodyar og eg har også strikka ein genser som vart gitt vekk i ein babyshower før jul. Til neste år gler eg meg til å hekle noko av alt t-skjortegarnet som har vorte produsert i løpet av året også.






På papirfronten har eg laga album frå USA, og eg har laga mange notatbøker som vert selt på epla.




Med god hjelp frå Manuela i Passion 4 baking, og min kjære mann som har handla cupcakesutstyr i USA har eg også fått smaken på nye bakeprosjekt. Cupcakes, troikakake og makronar har vorte laga og delt med gode vener, gjerne i kombinasjon med den siste bolken, syklubb! Gode vener, symaskiner og mat høyrer svært godt saman, og eg gler meg til mange nye treff i 2012, når senebetennelsen forhåpentlegvis slepp taket!







Godt nyttår! 

søndag 25. desember 2011

Julegåver 1

Mamma sitt strikkepinneetui er godt brukt. Det er sydd i eit brunt stoff med striper og med knyting, slik eg hugsar det frå då eg var lita. Men no er det hol i det, og pinnane vil ikkje vere inni etuiet, men utanfor. Mamma ynskja seg med andre ord eit nytt strikkepinneetui til jul i år.

Det er alltid kjekt å prøve nye ting, så det vart ikkje berre eitt, men fire ulike etui til alle sortar pinnar.


Etui til lange tjukke pinnar.

Etui til rundpinnar. Stoffet er eigentleg mørkelilla, men det kjem ikkje så godt fram på biletet. knappen har eg trekt sjølv og matchar stoffet på innsida av etuiet.

Strikkepinnemappe.

Heklenåletui


lørdag 24. desember 2011

God jul!


God jul, kjære alle lesarar!
Jula vert feira med nye julestrømper til familien! Ein vert vel aldri for stor til å få julestrømpe? Eldstemann er 59 år og yngstekvinne er 25 år! For første gong har mamma og pappa peis å henge dei på og!

søndag 18. desember 2011

Utviding av symaskinparken - Zig-Zag lockstitch

For omlag eit halvt år sidan var eg på utkikk etter ei ny symaskin. Ikkje til meg, men til ei lita jente. Eg googla både her og der, sendte mail til bloggarar som hadde den, gjekk innom utallige leikebutikkar i byen og innom symaskinforretningane. Ingen hadde symaskina eg skulle ha. Men for ei veka sida stod den framfor meg på Coop Obs! Zig-Zag Lockstitch; du er hjarteleg velkomen i symaskinparken til Saumfart! Måtte ei lita jente ein gong kunne nytte seg av deg, og alt det fine barnestoffet eg har fått i adventskalenderen med den kjekke søstera mi! :)



Forresten. Den ordentlege utvidinga av symaskinparken er også snart verkeleg. Trur eg har havna på desse to maskinene.. Dei vil ta seg av alt eg kan ynskje meg innan saum!


Janome Coverpro 1000CP


Janome My Lock 644D

fredag 16. desember 2011

Stilletid..

Desember er ei dårleg tid for oss som syr og lagar ting. Julegåvene er i produksjon og då vert det lite å vise fram på bloggen. Men ei anna kjekk sysle er baking, og i går og i dag har eg baka makronar. Kjekt å ha med noko heim til jul! På tredje forsøket vart dei nett slik som eg ville. Det var ikkje så lett å få røra passa tynn og passe tjukk, men til slutt vart eg nøgd! Mmm. Deilige sjokolademakronar med Manuela sitt sjokoladefyll!



Tusen takk til Anna Josefin som kunne bidra med makronekspertise!

søndag 4. desember 2011

Nye strikkeposar i butikken!

Julestria har satt inn, og det førar til tømming av strikkeposelageret i epla-butikken.
To nye strikkeposar er ferdige, denne og denne, og lagt ut på epla. Ikkje så lett å ta bileter i vinterlys, så  grå- og brunfargen er nok litt lysare enn på biletet.


torsdag 1. desember 2011

Konkurranse

Det er 1. desember, og i dag fyller faktisk Saumfart eit heilt halvt år! HURRA!
Eit halvt år med over 50 sal og bestillingar!

Dette bør feirast meiner eg, og eg dreg likesågodt til med ein konkurranse!
I alle konkurransar er det og ein premie, og i dette tilfellet er premien eit gåvekort på 200 kr i epla-butikken min!

For å delta gjer du enten dette:
1. Lik facebooksida mi, om du ikkje allereie gjer det
2. Del facebooksida mi med dine vener på facebook
2. Skriv ein kommentar om at du har delt sida, under innlegget på facebooksida.

Eller så kan du gjere dette:
1. Del innlegget mitt om konkurransen i din blogg
2. Kommenter under dette blogginnlegget om at du har fortalt om konkurransen min

Dei som deltek, vil verte med i trekninga på julafta!

mandag 28. november 2011

Redesign

Her om dagen, eller det var vel eigentleg natta, fekk eg "ånda" over meg og sette i gang med eit prosjekt eg har tenkt eg skulle gjennomføre i lengre tid. Ein gammal, litt for stor, stroppelaus svart kjole hang livlaus i klesskapet og trengte ei lita oppdatering. Då var det berre å finne fram saksa og klippe litt, sy i nokre legg i livet, legge til litt ekstra tyll under skjørtet, sy på beltehemper i sida, og vips, eit fiks ferdig highwaist-skjørt til bruk når ein skal vere litt ekstra pynta i romjula!

Hans Jakob sa det hadde vore fint med ein kvit topp til, og det tek eg som ei oppfordring til sjopping!




Bileta ber preg av vinterlys ute og vinterlys hud inne. Innser at det hadde vore best med ein annan farge topp inni skjørtet for å få fram kontrastane. Menmen. Slik vart det. Heldige utvalde får nok sjå det på i jula!

Ha ein fin dag! No skal eg rekne statistikk. Eksamen på fredag!

søndag 27. november 2011

No tennar vi det første lys..

Hurra for 1. søndag i advent!
No er stjerna tent, og julekrubba er satt opp. Det er pynta med lilla lys og lilla dukar.
Advent er den mest fantastiske tida på året tykkjer eg. Heimekos og inneaktivitetar er enda meir lov enn til vanleg, og eg nyt det til fulle!

Kanskje er det litt for tidleg med julekrubbe eigentleg, men sidan jula vert feira hos familien, tykkjer eg at eg må nyte julekrubba her heime og! Eg ynskjer meg fleire delar til denne krubba på biletet under, manglar framleis oksen og geita, og kamelen med følgje. Dette er meint som eit gedigent hint til dei som skal kjøpe julegåve til meg i år, for er det noko som står høgt på lista er det fleire delar til julekrubba! Eg tek meir enn gjerne og i mot englar til englekoret!



God 1. søndag i advent til alle saman!

onsdag 23. november 2011

Etui til heklenåler

I oktober lagde eg eit heklenåletui til meg sjølv og søstra mi. Med tanke på den komande adventstida har eg sydd eit lilla heklenåletui til epla-butikken. Kanskje det er nokon der ute som vil kose seg med hekling i adventstida, og kva er då vel betre enn å få litt orden i "hekle"-sakene?


Elles går det i julegåvelaging for tida, så det er litt lite å vise fram på bloggen. Men i romjula derimot, då er det store høve for eit bilderas :)

mandag 21. november 2011

Babybodyar til nybakte jentebabyar

Når eg ikkje syr, strikkar eg gjerne. Strikketøyet kan ein ta med overalt, og er perfekt pauseunderholdning i forelesingar og på kurs. Og det er og utruleg koseleg å ta fram strikketøyet med gode venninner! I rekordfart har eg strikka to babybodyar, byrja på to samstundes, og det var lurt, for vips hadde eg to ferdige i staden for ein! :)



Sidan det er dårleg med nyfødte jentebabyar for tida, vert bodyane lagt ut for sal i epla-butikken.

lørdag 5. november 2011

Utan tvil, årets syhappening..

4 jenter, 4 symaskiner (tre med ledning ;), mykje mat, snop, latter og sleepover. Nesten som å vere 14 år igjen. Berre det at to har barn, ei har fast jobb og tre er studentar. Oddsen for å få til ei slik helg er ikkje stor, og desto større var gleda over å få det til! Ei fabelaktig helg med kjekke jenter, og tru det eller ei, vi fekk faktisk produsert litt også!


To heilt ferske nåleputeruskeposar.
Eg sydde trekk til symaskina mi med lommer til pedal og ledning.
Særs mykje finare enn det plastikktrekket eg hadde frå før. Ideen fekk eg herifrå.

tirsdag 1. november 2011

No er det dei siste strikkeposane på ei stund trur eg..

Vintageprosjektet som eg sette i gang er no avslutta, og har endt med strikketøyposar til epla-butikken. Ein er faktisk allereie seld! Oktober har vore ein super handarbeidsmånad, og til helga vert det symaraton med jentene i syklubben. Det vert stas! :) Det gjer nok sitt til ein pangstart på november også!




Kjem sterkare tilbake med andre og nye prosjekt no når strikketøyposeprosjektet er lagt litt på hylla for nokre veker, eller dagar? Det er jo veldig kjekt då!

søndag 30. oktober 2011

Mina namnband / Merkelapper

Merkelappane mine har eg bestilt hos mina namnband. No er eg snart tom og det betyr at eg må bestille igjen :) Ganske artig å snart vere tom, for det betyr at eg har sydd snart 75 produkt som har merkelappen min på seg! Og det berre sidan i vår ein gong!

Dersom du har lyst på slike merkelappar som eg har, kan du trykke på biletet under, eller linken til høgre på sida mi her!

onsdag 26. oktober 2011

Kva gjer eg når eg ikkje syr?

Jau, då er eg for eksempel på konsert med Melissa Horn. Tusen takk til Lene som insisterte på at eg skulle vere med. Du er god til å insistere, og det er slettes ikkje dumt innimellom! Kjekk kveld med kjekke vener!




No er det brått blitt natta. Kjem sterkare tilbake med litt saumoppdateringar etterkvart. Det er jammen ikkje lett å sjonglere studier, jobbing, volleyball og sying. Eg vil jo aller helst berre sy heile tida, det var dette døgnet og antal timar i det då. Gi meg fleire timar nokon!

søndag 23. oktober 2011

Nytt design..

I helga har eg plundra  litt med å lage eit nytt design på strikketøyposen. Sidan eg lagar ting aller mest for jenter,  er det vel ikkje nokon grunn til å ikkje legge til ein ekstra stor jentefaktor, rosa og blonder = vintage!

Eg har sydd ein ny pose til meg sjølv i helga, fordi eg har ulike strikkeprosjekt litt her og der, på skulen, på jobb og heime, og då kan ein vel ha fleire posar også?! Posen eg sydde er ein testversjon, og til veka kjem det enda fleire på epla i ein ganske så lik stil. Så kva trur du? Likte du den?

torsdag 20. oktober 2011

Fleire/færre strikketøyposar til sals på epla

I det siste har strikketøyposane gått som varmt kveitebrød. Denne og ein annan ligg framleis ute på epla, og nett no sit eg og arbeidar med ein litt ny utsjånad på strikkeposane med litt nye stoff. Det kjem nok nokre smakebitar av desse på epla over helga.

Elles var eg nett på kino med ein svært utvida lesering, og vi såg Barnepiken. Ein fantastisk film som er å anbefale til alle jenter der ute! Har du lest boka må du sjå den, ei av dei best filmatiserte bøkene eg har sett nokon gong. Og har du ikkje lest boka, men likevel vil sjå ein fantastisk film der du både ler og gret, så anbefalar eg Barnepiken! Vel anvendte timar, og med så godt selskap som i kveld kan eg verkeleg ikkje klage!


Stoff: Lin og bomullsstoff frå Stoff og Stil
Mønster: Heimelaga, kan kjøpast her

tirsdag 18. oktober 2011

Blomenålepute

Kan ein få for mange nåleputer? Det er kjempepraktisk å alltid kunne ha ei for handa, og så gjer det jo ikkje noko at den er kjekk å sjå på og!


For korleis å sy ei slik nålepute, sjekk ut denne lenka.

mandag 17. oktober 2011

To nye etui til fargeblyantar


To nye etui til fargeblyantar. Kjekke småprosjekt. Les meir om korleis dei vart til her. Og så kan du kjøpe dei her. Perfekt julegåve til barn, barnebarn, nieser og nevøar! 

søndag 16. oktober 2011

Kombinert ruskepose og nålepute


I sommar kjøpte eg eit quilteblad i USA, og maaange fine fat quarters. Dette er den første tingen eg har sydd etter mønster frå bladet og stoff frå USA. Ein kan vel eigentleg då kalle dette eit skikkeleg USA-inspirert produkt. Fekk og kjøpt litt av kvart anna quilteutstyr der, blant anna ulike inch-linjalar, til ein slikk og ingenting i forhold til kva det kostar i Noreg. Planen er å sy slike ruskeposar på syklubben snart, og då er det kjekt å ha prøvesydd ein :)

Mønster: Frå eit quilteblad
Stoff: Frå USA

lørdag 15. oktober 2011

Mønster / oppskrift i PDF til saum av strikketøypose



No er det her! Mønsteret til strikketøyposen er ferdig! 

Dette er ein steg for steg-guide til korleis du syr ein strikketøypose. Oppskrifta er på ti sider, og har mange bileter som viser korleis du går fram. Dette skal gjere det mogleg for ein nybegynnar å sy denne posen! Dersom du bestiller oppskrifta på epla, vert den sendt til deg som eit PDF-vedlegg til e-post, innan eit døgn etter at du har bestilt og betalt! 

Prosessen med å ha laga oppskrifta har vore kjempelærerik. Det var og veldig artig å få det testsydd av ei venninne. Det gjorde meg meir medviten om kva som måtte endrast. Heldigvis var det ikkje så mykje, og no kan alle få sy sine eigne strikketøyposar. Ein kjempehit i julegåve til alle mødre, søstre, svigermødre, bestemødre og kanskje bestefedre som strikkar? Men dersom du ikkje ynskjer å sy sjølv, ikkje fortvil, der finnest ferdige strikketøyposar i eplabutikken. Ta ein tur, for å kjøpe mønster eller ein ferdig pose!