fredag 16. desember 2011

Stilletid..

Desember er ei dårleg tid for oss som syr og lagar ting. Julegåvene er i produksjon og då vert det lite å vise fram på bloggen. Men ei anna kjekk sysle er baking, og i går og i dag har eg baka makronar. Kjekt å ha med noko heim til jul! På tredje forsøket vart dei nett slik som eg ville. Det var ikkje så lett å få røra passa tynn og passe tjukk, men til slutt vart eg nøgd! Mmm. Deilige sjokolademakronar med Manuela sitt sjokoladefyll!



Tusen takk til Anna Josefin som kunne bidra med makronekspertise!

2 kommentarer:

  1. du prøvde deg ja? da kan du være til god hjelp under "prøve å lage makroner dagen til neste år" ;)Det så godt ut :)

    SvarSlett
  2. Eg prøvde meg. Og tru meg, er glad vi ikkje prøvde dette i fellesskap! :) Men no kan eg stille opp med litt erfaring, og då trur eg alt skal gå så mykje betre til neste år!

    SvarSlett