søndag 27. november 2011

No tennar vi det første lys..

Hurra for 1. søndag i advent!
No er stjerna tent, og julekrubba er satt opp. Det er pynta med lilla lys og lilla dukar.
Advent er den mest fantastiske tida på året tykkjer eg. Heimekos og inneaktivitetar er enda meir lov enn til vanleg, og eg nyt det til fulle!

Kanskje er det litt for tidleg med julekrubbe eigentleg, men sidan jula vert feira hos familien, tykkjer eg at eg må nyte julekrubba her heime og! Eg ynskjer meg fleire delar til denne krubba på biletet under, manglar framleis oksen og geita, og kamelen med følgje. Dette er meint som eit gedigent hint til dei som skal kjøpe julegåve til meg i år, for er det noko som står høgt på lista er det fleire delar til julekrubba! Eg tek meir enn gjerne og i mot englar til englekoret!



God 1. søndag i advent til alle saman!

3 kommentarer:

  1. Det er godt å høyre at me er fleire som treng å nyte synet av julekrubba. Mi kom fram i går.. og fleire deler står på ønskelista!

    God adventssøndag til deg og.

    God klem

    SvarSlett
  2. Mottatt. Om det tas til følge får tida vise..

    SvarSlett
  3. Jippi, Solveig :)
    Og Møyfrid, du har fått kommentar!

    SvarSlett