søndag 23. oktober 2011

Nytt design..

I helga har eg plundra  litt med å lage eit nytt design på strikketøyposen. Sidan eg lagar ting aller mest for jenter,  er det vel ikkje nokon grunn til å ikkje legge til ein ekstra stor jentefaktor, rosa og blonder = vintage!

Eg har sydd ein ny pose til meg sjølv i helga, fordi eg har ulike strikkeprosjekt litt her og der, på skulen, på jobb og heime, og då kan ein vel ha fleire posar også?! Posen eg sydde er ein testversjon, og til veka kjem det enda fleire på epla i ein ganske så lik stil. Så kva trur du? Likte du den?

5 kommentarer:

  1. Så fine, Elisabeth! Du er flink. Korleis har du fått til bileta?

    Ha ein fortsatt fin søndag!

    SvarSlett
  2. Veldig veldig veldig fin! :)

    SvarSlett
  3. Takk begge to :) Bileta har eg skrive ut direkte på eit A4-ark som har stoff på eine sida og papir på andre sida i ein blekkprintar. Slike ark kan ein vere heldig å finne i quiltebutikkar, eg har kjøpt mine i metropolane Las Vegas og Molde!

    SvarSlett
  4. Hei :) Jeg kom nettopp innpå bloggen din nå og har sett igjennom mye av det du har laget, og det var veldig mye fint. Jeg er en jente på 16år som er svært interresert i å sy derfor er dette en stor insperasjonskilde for meg. Stå på videre!

    SvarSlett
  5. Hei Kristi! :) Snakk om koseleg kommentar då! Det var veldig kjekt at du likar det eg syr og at du vert inspirert! Håpar at du held fram med syinga, for det er verkeleg ein kjekk hobby!

    SvarSlett