søndag 4. september 2011

En utfordringsblogg for søm

Eg har fleire gongar prøvd meg på deltaking i utfordringsblogger for scrapbooking, men utan særleg  resultat. For ikkje så lenge sidan oppdaga eg ein utfordringsblogg for søm . Denne månaden har dei bukser som utfordring, og då tenkte eg at eg kunne bidra med ei redesigna barnebukse som eg har sydd.

Då favorittbuksa over alle favorittbukser vart så slitt mellom beina at ingen reperasjonar kunne hjelpe, fann eg ut at den måtte forevigast på ein annan måte! No har den vorte til ei selebukse som eg håpar ein framtidig to-åring kan nytte. I ettertid har eg angra litt på at eg ikkje fora den med eit kjekt bomullsstoff på innsida, men ein lærer så lenge ein lever, og det vil eg gjere neste gong eg tek til på eit slikt prosjekt.

For ein gongs skuld hugsa eg å ta nokre førbileter, og det er kjekt å sjå korleis resultatet vart!



Linningen på buksa vart til fronten på selebuksa, stramminga nederst på buksebeina vart til selar, merket plasserte eg på ryggen for å kunne henge buksa på ein knagg, og dei store lommene vart til litt mindre barnelommer.



Mønster: Modifisert overall frå Barnetøj du selv kan sy 0-4 år
Stoff: Mi høgt elska nikita-bukse

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar