søndag 18. november 2012

Førjulsmesse i Velledalen

Eg hadde ein kjempekjekk dag i Velledalen i Sykkylven i går på førjulsmesse. Godt besøkt messe og godt sal gjorde dagen svært kjekk! Også veldig artig å treffe kjentfolk! Tusen takk til alle som handla hjå meg! Det sette eg stor pris på. Og til alle de som ikkje var der; besøk nettbutikken min. Den vart jamnleg oppdatert i dagane framover med mange nye produkt!



tirsdag 30. oktober 2012

Prinsesser, klutar og teikneetui

Det har ikkje vorte blogga så mykje den seinare tida. Litt uvisst kvifor eigentleg..
I alle høve har produksjonen kome i gang så smått, for snart er det faktisk jul.

Eg syr litt av kvart nett no til julemarknad i Sykkylven den 17. november. Då skal eg til Velledalen grendahus og ha marknadsbod. Det gler eg meg mykje til! Noko av det eg syr havnar også i epla-butikken, og nyleg la eg ut desse to tinga.


 


I haust er eg også forhandlar for denne fantastiske årskalenderen i epla-butikken min. Svigerinna mi Rut har teikna og laga ein kalender for jenter i alle aldrar som kjenner seg som prinsesser. Dersom du vil kjøpe den direkte frå henne kan du gå inn her: www.prinsessekalender.no.


fredag 23. mars 2012

Ny genser

Det florerar mybakte mødrer og babyar for tida, noko som krever sine barselsgåver! Genser strikka som restegarnprosjekt, perfekt at den vart fin nok til å kunne gis vekk! Sokkane og finishingen på genseren er det mamma som står for. Kjekt å ha nokon som hjelper til når hendene ikkje vil strikke..

onsdag 14. mars 2012

Saumfart-produkt i butikk

Komande laurdag kl 19. vert ein stor dag for meg! Då opnar lilleMINX kulturverksted i Sykkylven, heimkommuna mi. Heldige meg har fått tilbod om å stille ut produkta mine for sal, og sjølvsagt har eg sagt ja til dette!!


Trykk på biletet eller her for å kome til facebooksida til lilleMINX. 

I kulturverkstedet har eg både teiknemapper, strikkeposar, strikke- og hekleetui, monsterbukse, body, bøker og fleire andre ting. Etterkvart kjem det fleire ting og! Kom og sjå!

onsdag 7. mars 2012

Glede!

Hendene mine fungerar igjen! I alle fall til å sy med! Hurra!
Det feira eg i går med å sy eit lenge etterlengta laptop-trekk.

I mangel på finare bakgrunn vart det eit bilete på fanget mitt i går. Strikk og knapp som lukkefunksjon.
Perfekt trekk til å ha i sekken, då kan eg berre drage laptopen ut av trekket.
Men dersom laptopen skal ligge i veska vil eg ikkje at småting og anna rot skal forville seg inn i opningane, og då var det greit å lage ein liten innvendig klaff som ein kan legge over kanten!


Elles skjer det spennande ting for Saumfart-businessen om dagen, og eg lovar å kome tilbake med meir info om det. Produksjonen vil og ta seg opp, no som hendene fungerer, og det kjem nok både teiknemapper og strikkeposar i epla-butikken om to-tre veker! 

lørdag 4. februar 2012

Kreativt behov

"Creative people need to create, it’s regularly what makes us feel purpose in life."


Kom over denne bloggen idag, og det som stod skrive der traff meg rett i hjartet.  Eg vil sy, eg vil bake, eg vil lage album, eg vil strikke og eg vil hekle. Men hendene vil ikkje vere med på leiken heilt enda. Lovar å kome sterkare tilbake når senene har vorte litt sterkare, og litt mindre betente!



torsdag 5. januar 2012

Julegåver 2

Til søstrene mine til jul, sydde eg dukar som kan brukast på begge sider! Endeleg ein duk som kan snuast når den får flekk på eine sida, ulempa er at ein vert nøydt å vente til jul med å snu den, sidan duken har lilla adventsruter på baksida. Dukane er quilta og kan knappast saman. Med tre eldre søstrer vart det maange ruter å sy, sidan dei fekk fem kvar. Påskrifta på julegåvelappane vart difor følgjande. God jul! Håpar du likar gåva! Om ikkje vil eg ha den att! Eg har heldigvis ikkje fått att nokon av dukane :)