søndag 30. oktober 2011

Mina namnband / Merkelapper

Merkelappane mine har eg bestilt hos mina namnband. No er eg snart tom og det betyr at eg må bestille igjen :) Ganske artig å snart vere tom, for det betyr at eg har sydd snart 75 produkt som har merkelappen min på seg! Og det berre sidan i vår ein gong!

Dersom du har lyst på slike merkelappar som eg har, kan du trykke på biletet under, eller linken til høgre på sida mi her!

onsdag 26. oktober 2011

Kva gjer eg når eg ikkje syr?

Jau, då er eg for eksempel på konsert med Melissa Horn. Tusen takk til Lene som insisterte på at eg skulle vere med. Du er god til å insistere, og det er slettes ikkje dumt innimellom! Kjekk kveld med kjekke vener!




No er det brått blitt natta. Kjem sterkare tilbake med litt saumoppdateringar etterkvart. Det er jammen ikkje lett å sjonglere studier, jobbing, volleyball og sying. Eg vil jo aller helst berre sy heile tida, det var dette døgnet og antal timar i det då. Gi meg fleire timar nokon!

søndag 23. oktober 2011

Nytt design..

I helga har eg plundra  litt med å lage eit nytt design på strikketøyposen. Sidan eg lagar ting aller mest for jenter,  er det vel ikkje nokon grunn til å ikkje legge til ein ekstra stor jentefaktor, rosa og blonder = vintage!

Eg har sydd ein ny pose til meg sjølv i helga, fordi eg har ulike strikkeprosjekt litt her og der, på skulen, på jobb og heime, og då kan ein vel ha fleire posar også?! Posen eg sydde er ein testversjon, og til veka kjem det enda fleire på epla i ein ganske så lik stil. Så kva trur du? Likte du den?

torsdag 20. oktober 2011

Fleire/færre strikketøyposar til sals på epla

I det siste har strikketøyposane gått som varmt kveitebrød. Denne og ein annan ligg framleis ute på epla, og nett no sit eg og arbeidar med ein litt ny utsjånad på strikkeposane med litt nye stoff. Det kjem nok nokre smakebitar av desse på epla over helga.

Elles var eg nett på kino med ein svært utvida lesering, og vi såg Barnepiken. Ein fantastisk film som er å anbefale til alle jenter der ute! Har du lest boka må du sjå den, ei av dei best filmatiserte bøkene eg har sett nokon gong. Og har du ikkje lest boka, men likevel vil sjå ein fantastisk film der du både ler og gret, så anbefalar eg Barnepiken! Vel anvendte timar, og med så godt selskap som i kveld kan eg verkeleg ikkje klage!


Stoff: Lin og bomullsstoff frå Stoff og Stil
Mønster: Heimelaga, kan kjøpast her

tirsdag 18. oktober 2011

Blomenålepute

Kan ein få for mange nåleputer? Det er kjempepraktisk å alltid kunne ha ei for handa, og så gjer det jo ikkje noko at den er kjekk å sjå på og!


For korleis å sy ei slik nålepute, sjekk ut denne lenka.

mandag 17. oktober 2011

To nye etui til fargeblyantar


To nye etui til fargeblyantar. Kjekke småprosjekt. Les meir om korleis dei vart til her. Og så kan du kjøpe dei her. Perfekt julegåve til barn, barnebarn, nieser og nevøar! 

søndag 16. oktober 2011

Kombinert ruskepose og nålepute


I sommar kjøpte eg eit quilteblad i USA, og maaange fine fat quarters. Dette er den første tingen eg har sydd etter mønster frå bladet og stoff frå USA. Ein kan vel eigentleg då kalle dette eit skikkeleg USA-inspirert produkt. Fekk og kjøpt litt av kvart anna quilteutstyr der, blant anna ulike inch-linjalar, til ein slikk og ingenting i forhold til kva det kostar i Noreg. Planen er å sy slike ruskeposar på syklubben snart, og då er det kjekt å ha prøvesydd ein :)

Mønster: Frå eit quilteblad
Stoff: Frå USA

lørdag 15. oktober 2011

Mønster / oppskrift i PDF til saum av strikketøypose



No er det her! Mønsteret til strikketøyposen er ferdig! 

Dette er ein steg for steg-guide til korleis du syr ein strikketøypose. Oppskrifta er på ti sider, og har mange bileter som viser korleis du går fram. Dette skal gjere det mogleg for ein nybegynnar å sy denne posen! Dersom du bestiller oppskrifta på epla, vert den sendt til deg som eit PDF-vedlegg til e-post, innan eit døgn etter at du har bestilt og betalt! 

Prosessen med å ha laga oppskrifta har vore kjempelærerik. Det var og veldig artig å få det testsydd av ei venninne. Det gjorde meg meir medviten om kva som måtte endrast. Heldigvis var det ikkje så mykje, og no kan alle få sy sine eigne strikketøyposar. Ein kjempehit i julegåve til alle mødre, søstre, svigermødre, bestemødre og kanskje bestefedre som strikkar? Men dersom du ikkje ynskjer å sy sjølv, ikkje fortvil, der finnest ferdige strikketøyposar i eplabutikken. Ta ein tur, for å kjøpe mønster eller ein ferdig pose!

fredag 14. oktober 2011

Heklenåletui

Eg hadde nokre restar etter produksjonen av fargeblyantveskene, så då vart det heklenåletui til både meg og den heldige heklande søstra mi, som kan glede seg på å få dette i posten. (Vart du glad no?) Desse vart jo mest som to sukkertøy, og når innhaldet i dei i tillegg kan skape så mykje kjekt vert det jo enda betre. Veldig kjekt når ein finn ut korleis ein kan utnytte små restar!


Stoff: Stort sett restar, litt frå USA, litt som er arva, og det turkise bak heklenålene er frå Stoff og Stil
Mønster: Heimelaga

torsdag 13. oktober 2011

Veske / etui til fargeblyantar og teikneark


Ut i frå restestoff, heimelaga skråband og voksduk frå stoff og stil har eg mekka saman dette gå-bort-settet / hald-i-handa-til-du-har-satt-deg-ved-kjøkenbordet, til fargeblyantar og teikneark. Etuiet har plass til 12 fargeblyantar, og A4-ark, eller A4-fargehefter. Ikkje heilt umogleg at det vil kome ei oppskrift på dette etuiet i løpet av hausten.

Har du lyst på dette etuiet kan du kjøpe det i butikken min, her.

Mønster: Heimelaga
Stoff: Voksduk, restestoff og heimelaga skråband

onsdag 12. oktober 2011

Pose til strikketøy, med lommer til strikkepinnar og anna strikkeutstyr


Dette er prosjektet eg har holdt på med i det siste, og som eg nevnte i eit av dei førre blogginnlegga. No er mønsteret ferdig skrive, prøvesydd av ei venninne og justert opp til fleire gongar. Eg har endeleg sett igang storproduksjonen, på grunn av mange bestillingar, og mitt eige ynskje om å kunne legge ut nokre posar på epla. Dei som har lyst å sy sjølv kan kjøpe mønsteret på epla, det vil kome dit i løpet av veka. Akkurat denne posen har du og høve til å få kjøpe på epla allereie, og det vil stadig kome fleire posar dit. Velkomen innom nettbutikken for både vindaugssjopping og handling! :)



Stoff: Bomullsstoff og bomullslerret frå Stoff og Stil, heimelaga skråband
Mønster: Heimelaga, kjem snart på epla

mandag 3. oktober 2011

Mønsterprosjekt



Kva trur du desse bilda er utdrag frå?
Eg held på med eit mønsterproduksjonprosjekt, så snart vert det ny oppdatering med eit fiks ferdig mønster til sals på epla! :)
Og sjølvsagt også litt meir heilskaplege bilete!