søndag 18. september 2011

Arv

Heime i Sykkylven hadde vi ei matte på do som var vevd eller hekla av strimler av gammalt sengetøy. Eg har aldri tenkt over at den faktisk var laga slik før eg her om dagen fann denne tutorialenpinterest. Ei slik hekla matte har eg lyst til å ha i gangen min.


Førre helg sette eg difor saksa i nokre av dei gamle KRIK t-skjortene mine som ikkje lenger er i bruk, fordi dei er utdanka av syntetiske trenings-t-skjorter, fin resirkulering tenkar eg. Men det vart ikkje nok "t-skjorte-garn" til å hekle ei heil matte. Difor må eg no på loppemarked for å finne litt fleire t-skjorter, om ikkje du då har ei t-skjorte eller fleire som er utslitte og som du kunne tenkje deg til å donere til meg? Eg vil nemleg ha ei ny matte i gangen snarast..

4 kommentarer:

  1. stor sjans for at min mann kan donere noen... eller jeg mener; kona donerer noen av mannens t-skjorter :)

    SvarSlett
  2. Jippi! Ja til gamle t-skjorter i alle fargar! :-D

    SvarSlett
  3. Ej har shoppa mange nye t-skjorter så kanskje ej ska donere noken av mine gamle? :p
    Men da må dei hentast :)

    SvarSlett
  4. Konge! Eg glede meg til å sjå resultatet :)

    SvarSlett