onsdag 7. mars 2012

Glede!

Hendene mine fungerar igjen! I alle fall til å sy med! Hurra!
Det feira eg i går med å sy eit lenge etterlengta laptop-trekk.

I mangel på finare bakgrunn vart det eit bilete på fanget mitt i går. Strikk og knapp som lukkefunksjon.
Perfekt trekk til å ha i sekken, då kan eg berre drage laptopen ut av trekket.
Men dersom laptopen skal ligge i veska vil eg ikkje at småting og anna rot skal forville seg inn i opningane, og då var det greit å lage ein liten innvendig klaff som ein kan legge over kanten!


Elles skjer det spennande ting for Saumfart-businessen om dagen, og eg lovar å kome tilbake med meir info om det. Produksjonen vil og ta seg opp, no som hendene fungerer, og det kjem nok både teiknemapper og strikkeposar i epla-butikken om to-tre veker! 

3 kommentarer:

  1. Å, det var smart! Du har ikke lyst til å dele oppskriften din? :)

    Mvh Marit

    Maritfuglen.blogspot.no

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Eg har inga konkret oppskrift, har berre sydd på slump med mi eiga datamaskin som prøvekanin. Men du tar eit stykke stoff, gjerne fora slik at datamaskina tåler litt støt og legg det dobbelt med brettekanten i botn, og syr to sømmar på kvar langside. Dette er innsida. La det stå att ei vrengeopning langs eine langsida. Datamaskina skal passe akkurat oppi. Gjenta dette med ein pose til som er litt større, og som passar utanpå den andre posen. Putt den eine posen oppi den andre. Dersom du vil ha ein strikk, legg du han slik at litt stikk ut på toppen, og syr deretter saman posane rette mot rette på toppen. Vreng, så får du ein pose som på bilete to ovanfor.

      Slett
  2. Godt å ha dej tilbake! :D

    SvarSlett