mandag 20. juni 2011

Tøfler

Ohelene er ei dame som syr. Ho syr mykje fint, blant anna skinntøfler. Snill som ho er, delte ho mønsteret på tøflene sine med meg, og på syklubben på fredag sydde eg eit par med skinntøfler. Jukseskinntøfler er vel eigentleg rett og seie. Akkurat no saknar eg å bu i Sykkylven, for då kunne eg kanskje fått litt avkapp frå all møbelhuda som strekker seg kring Sykkylven si store stoltheit, Stresslessen frå Ekornes. Men sidan eg ikkje bur i Sykkylven, vart det jukseskinn frå Stoff og stil. Det fungerer eigentleg overraskande godt, men eg har inga aning på sliteevne og slikt. Tøflene er heller ikkje fora, slik som Ohelene sine er. Det får eg ta på sikt, neste gong eg skal sy skinntøfler. For det skal eg nok, for dei er ganske søte tykkjer eg. Spørsmålet er om det er ein bjørn eller ein hund eg har pynta dei med..




Mønster: Skinntøfler frå Ohelene
Stoff: Jukseskinn frå Stoff og Stil 

3 kommentarer:

  1. Så søte!! Det er heilt klart ein kjempeblid bjørn slik eg ser det.

    SvarSlett
  2. Då går eg for kjempeblid bjørn :) Takk for koselege kommentarar!

    SvarSlett